NY UTESTOVE – perfekt for små og større aktivitetar.
NKS Olaviken Alderspsykiatriske Sykehus, fekk i sommar sett opp ei ny utestove i hagen tilknytta sjukehuset. Vi er takksame til Rieber-fondene for økonomisk støtte til denne. Vi ser at stova er flittig i bruk. Til dømes tek pasientar med seg besøkjande og sit der i staden for på eit besøksrom på sjukehuset. Der er også både planlagde og spontane aktivitetar for pasientar frå alle seksjonar.

Kvar fredag har vi ukeslutt i utestova. Pasientar får alle seksjonar på sjukehuset er inviterte. Musikkterapeut Solgunn står for opplegget, kjøkenet lagar vaffelrøre eller byr på noko anna godt, erfaringskonsulent Sissel steiker vaflar eller serverar det gode vi får, og pasientane kjem saman med personale frå sine seksjonar. Frå å prøve ut om dette fenga, ser vi at fredagsaktiviteten har vorte ei populær samling mange pasientar ser fram til. Fleire pasientar etterspør tidspunkt for samlinga gjennom veka, og er opptekne av å få det med seg.
Aktiviteten i seg sjølv er lavterskel, og inspirert av «Syng dig Sund» - opplegget som Jens Anderson – Ingstrup både driv og forskar på i Danmark. Der får ulike vaksne menneske i sårbare livssituasjonar med sjukdom eller andre livskriser høve til å samlast på helsehuset rundt eit opplegg med song og rørsle, for å vere med på å auke fysisk, psykisk og sosial trivsel. Kom som du er, utfør det du orkar. Med både quiz, trim, felles song og kaffiprat er der noko for alle å ta aktivt del i.
Vi ser at mange pasientar nyt godt av å ta på seg jakke og sko for å gå på noko og vere saman om noko utanfor sjukehuset. Også å møte menneske som er innlagt på dei andre seksjonane, forholde seg til og samhandle med fleire og andre menneske. Utestova er komen for å bli, og legg grunnlag for mykje fin aktivitet framover.
Sist oppdatert 20.01.2025