Jubileumsåret i historier
NKS Olaviken er 100 år i 2025. Vi ønsker å dele vår spennende historie med dere. Her kommer historie og bilder fra starten i 1925.

I 2025 har Olaviken drive i heile 100 år. 100 år i teneste for sårbare menneske – med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.
Del 1, årene 1925 - 1939.
I 1925 skiftar Kristiania namn til Oslo. Johan Ludvig Mowinckel er statsminister. Thor Bjørklund tek patent på ostehøvelen, jazzen gjer sitt inntog i orkester og på restaurantar - og Brann vert noregsmeister i fotball. Samstundes var tuberkolosen eit folkehelseproblem. 19% av sjukdomsdødsfalla sto tuberkolosen for. Tuberkolose var den vanlegaste dødsårsaken - knytta til dårlege boligar, at ein budde trangt, hygienen vart så som så og likeeins ernæringa.
I 1925 kjøpte Bergen Sanitetsforening Olaviken for 60000 kr, og foretok den første av fleire omfattande endringar av hovudbygninga. Alt for å tilpasse bygget til oppgåva den skal stette. I 1926 kom 30 gutar. Dei hadde tuberkolose i familien, og det var ynskjeleg at dei fekk kome seg vekk og få rasjonelt stell i frå nokre månader og opptil eit år. Her fekk dei alt dei trengde av klede og tilsyn, forpleining og skulegang. Inntektene av maiblomst-salet gjekk også til drifta her. 40 gutar i året fekk 7 vekers opphald på Olaviken. Dei første 11 åra fekk faktisk 1040 gutar nyte godt av opphald på Olaviken. Sanitetskvinnene stilte som solid bakkemannskap, og tok ansvar for drift, sydde gardiner, reparerte klede og gav elles omsut.
Josefine Agnete Grindstad, ei av stiftarane i Bergen Sanitetsforening i 1898, oppretta eit legat i testamentet sitt, der rentene mellom anna skulle nyttast til å vedlikehalde sarskolonien for gutar i Olaviken.
Del 2, årene 1940 - 1949:
I 2025 har Olaviken drive i heile 100 år i teneste for sårbare menneske, med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.
I åra 1940-1945 var det full drift på Olaviken. I økonomisk trange tider, vart det gjort mykje godt arbeid for å gje gutane det dei trengde. Sanitetskvinnene sto på med mykje praktisk, i tillegg til at dei hadde innsamlingar gjennom blant anna sal av Mai-blomsten. Dette gav i seg sjølv store inntekter til bekjemping av tuberkolosen. IOGT sto også for ei innsamling for at borna skulle få leiker, og Vinmonopolavgifta som falt på Bergen, vart fordelt blant anna til Olaviken.
Trange tider med mykje rasjonering trengde også rådgjeving på andre plan. I 1941, med fleire tillegg gjennom krigsåra, gav sanitetskvinnene ut eit eige oppskriftshefte, der dei tok høgde for at husholdningar generelt hadde mindre tilgang til sukker. Framgangsmåter for sylting, hermetisering og nedlegging av frukt og grønsaker var nok godt å få med seg.
I januar 1945 kom det pålegg frå politipresidenten på vegne av luftvernsjefen i Bergen om å stenge snarast råd er, då det vart vurdert at Olaviken låg svært utsett til. Der hadde ramla granatsplintar ned frå fly på eigedomen. Det var ikkje sett som forsvarleg at born skulle opphalde seg der. Tilfluktsromma var ikkje sett å vere ha god nok standard, og gutane skulle difor evakuerast. Dei vart mottekne i Sogndal, og hadde også med seg ei søster frå Olaviken som vart bestyrarinne for dei der. I mellomtida vart det tenkt på alternative bruksmåtar for Olaviken. Skulestyret i Bergen, kom til dømes med forslag om å etablere oppdragingsheim for “Bergenske piker som har skeiet ut”. Luftvernsjefen motsette seg dette også. Av samme grunn – forsvarlighet.
I 1943 vart det meldt inn 10333 tilfelle av tuberkolose. Staten starta dette året med skjermbiletefotografering for at tuberkolosekontrollen skulle nå ut til alle. Frå 1943-1963 vart heile befolkinga over skulepliktig alder røngtenfotografert, og ein har gode haldepunkt for at dette bidro til raskare nedgang av tuberkolose. I 1940-åra vart også medikamentell behandling tilgjengeleg.
Hausten 1946 vart det gjort forhandlingar med overlege Thrap-Meyer på Hagavik for å omleggje Olaviken til tuberkolosesjukehus. Bergen Sanitetsforening meinte at ein slike kunne yte meir effekt i tuberkolosearbeidet. På bystyremøte i Bergen i august 1948 vart det gjeve eit rente- og avdragsfritt lån i eigedomen Olaviken, så lenge eigedomen vart nytta til tuberkolosesjukehus. Mellom 1946 og 1949 hadde ein ei omfattande ombygging, og i 1949 omtalte Bergens Tidende at “Sanitetskvinnene gjenreiser Olaviken” Sjukehuset for tuberkoloseramma born sto klart til bruk. Det romma 40 pasientar, og døgnprisen var 10 kroner.
1949 var også året der Noreg slutta seg til NATO. Einar Gerhardsen var statsminister, og Alf Prøysen gav ut “Musevisa”. Rasjoneringa av ost, mjølk og fløyte vart oppheva.
Nobelprisen i medisin gjekk til Walter Hess for kartleggjing av område i hjerna som er involvert i kontroll av indre organ, og Egas Moniz for oppdaginga av prefrontal leucotomi (lobotomi) som behandling av Schizofren psykose. I 1949 starta ein også med tuberkulinprøver og vaksinasjon.
Stor takk til Kari Eeg som har gjeve tilgang til Bergen Sanitetsforening sitt arkivmateriale.